TVANGSMULKT: Difi på Leikanger har gjeve SAS fleire sjansar til å forbetra nettsidene sine.
TVANGSMULKT: Difi på Leikanger har gjeve SAS fleire sjansar til å forbetra nettsidene sine. (Foto: SAS AB)

Tilsynet i Difi gjev SAS Norge AS tvangsmulkt for ikkje å ha betra nettsidene sine

Etter ein kontroll i fjor haust bryt SAS likestillings- og diskrimineringslova og sikrar ikkje at nettsidene er moglege å bruke for alle.

Leikanger: Feila er knytt til billettbestilling, og framdrifta i arbeidet med retting har vore for dårleg. Det skriv Difi i ei pressemelding. 

Tilsynet i Difi er lokalisert på Leikanger, oppretta i 2013 og har som oppgåve å kontrollere om verksemder i privat og offentleg sektor følger regelverket om universell utforming av IKT.  

Alle feila som står att er knytt til kjøp av billett

Kontrollen blei utført av Difi i fjor haust. Nesten eit år seinare har ikkje SAS utbetra alle feila i samsvar med sin eigen plan som dei leverte til Difi i januar. Etter planen skulle alle feil skal verea korrigerte innan juni 2018.

DIREKTØR: Malin Rygg i tilsynet i Difi. Foto: Pressefoto

I juni stod det likevel att å rette 33 %. Tilsynet sendte derfor ut pålegg om retting med frist for å rette resten innan 6. august. Den 8. august sto det framleis att 19,2 % av feila og er alle knytt til kjøp av billett.

– Regelverket om universell utforming skal sikra at alle kan delta likeverdig på nett. Både på vanlege nettsider, men og viktige tenester som billettkjøp, seier direktør i tilsynet, Malin Rygg. 

– Viktig at alle får kjøpa eigne flybillettar

I Difi fører dei kontroll på nettsider for å følga opp dette.

– SAS er ein veldig viktig aktør, og det er viktig at alle skal ha moglegheita til å klara seg sjølv i samfunnet. Å kjøpa flybillettar på Internett blir i dag rekna som ei sjølvfølge. Me forventar at eit selskap av denne størrelsen har nettsider som følger regelverket om universell utforming.

Feila som står att rammar alle brukarar. Dei rammar særleg brukarar som ynsker å, eller må bruka opplesingsverktøy eller skjermlesar, som synshemma og personar med lese- og skrivevanskar. 

Problematisk å forstå innhaldet på nettsida

I tillegg er det feil at innhald i ledetekstar og lenketekstar er på engelsk. Slike feil gjer at innhaldet på nettsida ikkje blir lese opp på ein påliteleg måte, og brukaren vil ha problem med å forstå innhaldet.

– Det er ikkje kjekt for dei med nedsatt funksjonsevne at dei må få hjelp av familie eller vener til noko alle eigentleg skal greia sjølv. Alle har rett til å betala rekningar eller bestilla billettar sjølv. Gode nettsider er viktig for alle, seier Rygg. 

Bøter på 150.000 kroner dagen

SAS får no ti yrkedagar frå og med 16. august 2018 til å rette feil som står att. Deretter vil det løpe dagbot kvar yrkedag frå og med 30. august 2018. Størrelsen på dagbota er sett til 150.000 kroner. 

–Desse avvika skal i utgangspunktet ikkje vera avvik. Me er mest interesserte i å skapa gode løysningar, ikkje at SAS skal betala bøter.

Ho understrekar at ho òg har gjeve SAS mykje skryt for arbeidet dei har gjort.

– Dei har jobba veldig bra med nettsidene sine, men det er fortsatt for mange manglar. Nå har dei ti dagar på seg til å ordna dette. Det er ikkje noko å venta på, no må det på plass, seier Rygg.

Til toppen