AMBISJONAR: Arbeidarpartiet lanserer ei sysselsetjingspakka der ambisjonen er å skapa 300 000 nye arbeidsplassar innan ti år. Måndag vitja partisekretær Kjersti Stenseng Årdal og Hilmar Høl i valkampen.

AMBISJONAR: Arbeidarpartiet lanserer ei sysselsetjingspakka der ambisjonen er å skapa 300 000 nye arbeidsplassar innan ti år. Måndag vitja partisekretær Kjersti Stenseng Årdal og Hilmar Høl i valkampen. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Stortingsvalet 2017

Sysselsetjingspakka som skal gi 300 000 fleire arbeidsplassar på ti år

Sysselsetjingspakke med ambisjonar frå Arbeidarpartiet.

Årdal: To veker før valet slepp Jonas Gahr Støre og Arbeidarpartiet ei sysselsetjingspakka der ambisjonen er å skapa 300 000 fleire arbeidsplassar innan ti år.

Ei kompetansereform og pengestøtte til miljøteknologi er to viktige tiltak i denne pakka, der industrien er blant næringane som må førebu seg på store løft.

– Det vert skapt altfor få arbedsplassar. Viss ein skal klara å få folk i arbeid dei komande åra, må me skapa om lag 300 000 nye arbeidsplassar. I dag ligg det på om lag 15 000 årleg, noko som er altfor lågt og bekymringsverdig, seier partisekretær Kjersti Stenseng (Ap), som besøkte Årdal måndag.

Kompetanseløft

Pakka inneheld eit kompetanseløft, og særleg viktig er det å sørge for at unge skal kome seg i jobb. For å få til det, må partane i arbeidslivet, utdanningsinstitusjonar og næringslivet sjølv bidra til å gi folk den kompetansen dei treng når dei kjem inn i arbeidslivet, meiner Stenseng.

– Det er kanskje det viktigaste. Me er verdsleiande på kompetanse, og me må satsa på dei næringane me veit me har store fortrinn i. Det er industri, vasskraft, fisken... Det er der me må ta dei strategiske grepa, legg ho til. 

Statleg eigarskap

Under besøket var Stenseng innom teknologisenteret på Hydro. Leiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti, Hilmar Høl, var vert. Det er innanfor industri- og transport-sektoren dei største løfta må koma for å møte krava i Parisavtalen, meiner dei.

– No ligg det ei pakka på 1 milliard kroner frå Enova som kan knytast til klimadelen i prosessindustri og gjera den reinare. Det vil vera svært viktig for oss. Ein kan sjå dei mindre skalaene som det vert jobba med på fabrikkane og trekka desse parallellane inn i denne satsinga, seier Høl.

Ifølgje Arbeidarpartiet skal ein tredjedel av desse jobbane koma i offentleg sektor. Resten skal koma i det private næringslivet.

– Skal ein skapa jobbvekst, er det viktig med statleg norsk eigarskap. Som me har sett under denne regjeringa, så vil dei selja arvesølvet vårt. At me sjølv har eigarskap, gjer at me strategisk kan byggja næringane som det er snakk om, seier Stenseng.

Til toppen