NYNORSKKOMMUNE: Kulturdepartementet har kåra Time kommune i Rogaland til den språksterkaste nynorskkommunen i 2016. Foto: Truls Grane Sylvarnes (illustrasjon).
NYNORSKKOMMUNE: Kulturdepartementet har kåra Time kommune i Rogaland til den språksterkaste nynorskkommunen i 2016. Foto: Truls Grane Sylvarnes (illustrasjon).

Time er årets nynorskkommune

Kulturdepartementet har kåra Time kommune i Rogaland til den språksterkaste nynorskkommunen i 2016.

  • Endret

– Vinnaren har ei haldning til språk som både imponerer og inspirerer, seier juryleiar Kristin Solbjør.

Ho er seksjonssjef i Språkrådet og har leidd juryarbeidet på vegner av Kulturdepartementet.

Time kommune er ein nynorskkommune i ein region der nynorsken er under press. Kommunen får likevel ros for å halda nynorskfana høgt og for å arbeida systematisk med språk og god nynorsk.

– Kommunen tek vare på den språkkulturelle arven sin og gjer arven aktuell. Me vil heidra Time for å vera ein føregangskommune og ei inspirasjonskjelde for alle som arbeider for nynorsken som eit godt og levande kultur- og bruksspråk, seier Kristin Solbjør.

Vinnaren blir også heidra for satsinga på eit godt nynorsk språk for barn og unge gjennom heile utdanningsløpet.

– Denne satsinga på dei aller minste er ei god investering i framtida til nynorsken, heiter det.

Prisen blir delt ut av kulturminister Linda Hofstad Helleland på eit arrangement i Det Norske Teatret 21. november. (©NPK)

Til toppen