ELEKTRISK FRAMTID: Promotering av el-syklar er eitt av verkemidla på Campus for å få fleire til å droppe bilen til jobb. Her er det omdømeleiar Rasmus Mo i Sognda Fotball som demonstrerer.
ELEKTRISK FRAMTID: Promotering av el-syklar er eitt av verkemidla på Campus for å få fleire til å droppe bilen til jobb. Her er det omdømeleiar Rasmus Mo i Sognda Fotball som demonstrerer. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Timeutleige av bil og el-sykkelsatsing: Slik skal dei gjere Campus meir miljøvenleg

Sogndal Fotball frontar forsøket på å få dei åtte hundre som har arbeidsplass på Fosshaugane til å velje sykkel og beina framfor for bil.

Sogndal: Omdømeleiar Rasmus Mo i Sogndal Fotball susar gjennom gangen på Fosshaugane på ein elektrisk sykkel, til ære for fotografane. Tysdag hadde nemleg fotballklubben invitert verksemdene på Campus og media for å informere om grepa dei no tek for å minske bilbruken på Fosshaugane.

– Eg er heilt sikker på at dette vil slå an ganske kjapt. Dette er viktige miljøtiltak og det vil gje synergiar at Fosshaugane Campus med sine åtte hundre tilsette viser vilje til å satsa, seier han.

Timebasert bilutleige

INFO: Yngve Hallèn informerer om grepa for å få ned bilbruken.
INFO: Yngve Hallèn informerer om grepa for å få ned bilbruken. Foto: Halvor Farsund Storvik

Målet er at alle, eller så mange som mogleg, av dei 800 vel å gå eller sykle til jobb. Då handlar det om å fjerne dei hindra som finst i dag som gjer at folk vel bil i staden. 

– Det vi vil gjere er å legge betre til rette, med fleire sykkelvegar og sykkelparkering, med garderobar, ved å ha gode tilbod på el-syklar og ved å leige ut miljøvennlege bilar, slik at du kan gjere småærend eller ta eit møte på Leikanger, utan å ha ein bil med deg på jobb, seier Yngve Hallèn, leiar i eigedomsselskapet til Sogndal Fotball.

Avtalen med Hertz er allereie i boks og med det vert Sogndal den første plassen utanfor dei større byane som tilbyr timebasert utleige av bilar. I første omgang hybridbilar, men på sikt er målet at alle skal vere heilelektriske. Studiar viser at ein «delebil» erstattar opptil fjorten privateigde bilar.

Park i staden for parkering

Målet er å ha tilbodet oppe å gå før første desember.

– At vi er først ute på Fosshaugane synst vi er heilt naturleg med det imaget vi har på idrett, friluftsliv og miljø, seier Hallèn.

Han fortel at dei frå før har teke fleire grep for miljøet. Til dømes nyttar dei fjordenergi til å varme opp bygga om vinteren, no skal dei bruke same prinsipp for å kjøle dei ned om somrane. I parkeringskjellaren har dei bytt ut alle lampene med LED-lys, noko som kuttar straumforbruket ned til ein femtedel.

Grepa dei no gjer handlar først og fremst om å få ned bilbruken.

– Det eine er at miljøet i seg sjølv er viktig, det andre er trivselen. Er det ein ting som øydelegg trivsel, så er det kaos i bilparken og at du ikkje finn parkeringsplassar. I tillegg er det ein skam å bruke flotte areal til parkering som vi kunne brukt på andre måtar. Den bilparkeringa som skal vere her i framtida bør vere under jorda, så bør vi ha parkar, flotte bygningar og aktivitet oppå, seier han.

Til toppen