KART: Berit Vetti syner fram alle stadene som ho har gått og klatra på eit kart over Jotunheimen. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 
KART: Berit Vetti syner fram alle stadene som ho har gått og klatra på eit kart over Jotunheimen. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 

Tindekvinna som klatra alle 2000-meterstoppane i Noreg

Under Nasjonalparkfestivalen vart den lokale fjellklatraren Berit Vetti trekt fram som ei av dei fremste utforskarane og inspirasjonskjeldene i norsk fjellhistorie. 

Årdal: Då ho var 17 år gjekk Berit Vetti i Jotunheimen åleine i tre veker. Utan mobil, GPS, radio eller nokon anna form for kommunikasjon med omverda. 

– Eg budde stort sett på fjellet i studietida, fortel Vetti (71) då Porten møter ho heime i Utladalen. 

Sjølv var ho ikkje til stade då Knut Tønsberg drog ho fram som ein av pionerane i det norske fjellmiljøet under føredraget på onsdag. 

Les også: Havkajakk, fotokurs, fjelltindar og «Dr. Philgoodkveld»

Likte seg best ute

Berit Vetti likte seg best i fjellet som ung.
Berit Vetti likte seg best i fjellet som ung.

I si tid klatra Vetti dei 20 brattaste armane på Jostedalsbreen og var den første som klatra alle 2000-meterstoppane i Norge.

– Eg likte meg best ute. I feriane som me hadde i studietida brukte me på å bestige alle 2000-meterstoppane og guida folk til fjells, fortel Vetti. 

Ho fortel at dei gjekk etter den gamle lista over 2000-meterstoppar i Noreg og at denne har blitt forandra i ettertid. 

– Me tok ein steil frå alle vardane som me besøkte. Men me passa på å leggja ein stein tilbake slik at me ikkje robba varden, seier ho medan ho treg på smilebandet. 

TINDEKVINNA: Berit Vetti er ein sann eventyrar.
TINDEKVINNA: Berit Vetti er ein sann eventyrar.

"Fjellets mester"

Storsmeden i Rondane var den siste toppturen Vetti klatra i år 1975. Før det hadde ho klatra det meste som fanst. Alt frå Galdhøpiggen til Glittertinden. 

– Familien min kjem frå Blåbæråsen i Moss. Kvar påskeferie frå eg var sju til 14 år drog me til Blåfjell i Hallingdalsfjella. Der var det åsar og fjell. Det var nok det som gjorde at eg fekk sansen for naturen, fortel ho.

TOPP: Berit Vetti har bestege dei aller fleste fjell i Noreg.
TOPP: Berit Vetti har bestege dei aller fleste fjell i Noreg.

 I 2012 fekk Vetti prisen "Fjellets mester" av turiststasjonen på Krossbu. Mykje av grunnlaget for prisen la ho då ho var breinstruktør nettopp på Krossbu på 60-talet.

Etter å ha undervist som lærar i Karasjok, Oslo og Trønderlag, flytta Vetti til Årdal for å jobbe som lektor på Årdal vidaregåande. 

I VINDEN: I dag er det mange unge som driv med toppturar som hobby.
I VINDEN: I dag er det mange unge som driv med toppturar som hobby.

Toppturar i vinden

Ho er den første personen som har gått alle dei 269 2000-metersturane i Noreg, etter Burchardts klassiske liste. 

– Det verkar som om toppturar er svært i vinden for tida, seier ho. 

Fjellklatringa la ho på hylla då ho gifta seg med Jørgen Vetti som dreiv Vetti gard tett inne ved Vettisfossen i 1977.

BREVANDRING: Berit Vetti har gått på dei fleste breane i Noreg.
BREVANDRING: Berit Vetti har gått på dei fleste breane i Noreg.

– Det har vore mykje klatring og tinderangling i laus og ledig form gjennom livet mitt, seier ho. 

Ho har blant anna gått Briksdalsbreen, Jostedalsbreen, Kjenndalsbreen og Bergsettbreen. 

– Eg har gått dei fleste brearmar i Noreg. Ein skal aldri stole på ein bre. Det kan vere sprekkar som oppstår uventa, rådar ho framtidige eventyrarar. 

Til toppen