STENGD: Etter ein vinter med mykje snø var brøytekantane ekstra høge då Tindevegen opna i mai. No er vegen stengd for vinteren, opplyser Tindevegen.no. Foto: Facebook.com/Tindevegen.
STENGD: Etter ein vinter med mykje snø var brøytekantane ekstra høge då Tindevegen opna i mai. No er vegen stengd for vinteren, opplyser Tindevegen.no. Foto: Facebook.com/Tindevegen.

Tindevegen er stengd for vinteren

Tindevegen mellom Turtagrø og Øvre Årdal er no steng for vinteren, opplyser Tindevegen.no.

Årdal/Lærdal: Den populære vegen, der ein kan nyte norsk natur på sitt beste, har 31 000 bilar, bussar og motorsyklistar nytta i løpet av sommaren.

Etter planen skal den tre mil lange vegen som knyter Årdal til Sognefjellsvegen og Luster opnast att i mai. 

Utover dette har snøen byrja å legge seg andre stader i fjellet også, men førebels skapar det ingen problem for godt skodde trafikantar.

På E16 over Filefjell er det vekslande bart og snø- og isdekke. Slik er også ståa på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet, og på fylkesveg 53 mellom Årdal og Tyin vert det meldt om snø over 800 meter.

Til toppen