VEG: Tindevegen på ei anna tid på året.
VEG: Tindevegen på ei anna tid på året. (Foto: Tindevegen)

Tindevegen er stengd for vinteren

– Me gjev oss medan leiken er god, seier dagleg leiar Frank Eldegard.

Årdal: – Dette er det lengste me har hatt ope, og grunnen til det er at me har hatt ein bra haust, men no gjev me oss medan leiken er god, seier styreleiar og dagleg leiar for Tindevegen, Frank Eldegard.

Han fortel at turistvegen mellom Sogn og Jotunheimen vanlegvis stenger i slutten av oktober. 

– Me stenger no fordi vinteren gjer sitt inntog. Vinteren er nærgåande og i går fekk me snø og vind. Det kan vera bra vegforhold til tider, men når vegen må gjennomgåast slik som no, har det lite føre seg å halde ope, seier han, og legg til at dei ikkje har nok mannskap til å halde vegen open på denne årstida. 

Han nemner også tryggleiksutfordringar knytta til vinterdekk, og at det er dårleg med kommunikasjonsmoglegheiter over store delar av vegen.

– Når opnar de igjen?

– Truleg i april eller tidleg i mai, seier han.

Tindevegen er fjellvegen mellom Årdal og Turtagrø (32 km) og strekker seg frå Sognefjorden til Jotunheimen. På heimesida til Tindevegen blir vegen omtala som ”snarvegen gjennom Jotunheimen”, og kortaste alternativ frå Bergen til Trondheim.

Til toppen