STENGT: Tindevegen er stengt fredag ettermiddag og kveld på grunn av uvêr i fjellet. Arkivfoto: Olav Vee. 
STENGT: Tindevegen er stengt fredag ettermiddag og kveld på grunn av uvêr i fjellet. Arkivfoto: Olav Vee. 

Tindevegen er stengt

Også Sognefjellet er stengt på grunn av uvêr.

Årdal: Sterk vind i fjellet stengjer Tindevegen fredag ettermiddag og kveld, skriv Tindevegen på si Facebook-side.

Vegen, som opna onsdag ettermiddag, blir ikkje opna att i dag. I helga er det High Camp på Turtagrø og fleire hundre personar deltar på arrangementet, men har stilt bilane sine vanskeleg til.

– Me oppmodar òg High Camp-deltakarar som har parkert ut i vegbana, og hindrar passering for brøytebilen, om å flytte desse snarast, skriv Tindevegen.

Også Sognefjellet, som opna fredag morgon, er stengt. Her blir det ny vurdering laurdag føremiddag. 

Til toppen