NY REKORD: 15. juli melde Tindevegen om endå ein rekord med 663 dagspasseringar. Det er kjempekjekt! seier Frank Eldegard, dagleg leiar.
NY REKORD: 15. juli melde Tindevegen om endå ein rekord med 663 dagspasseringar. Det er kjempekjekt! seier Frank Eldegard, dagleg leiar. (Foto: Frank Eldegard / Arkiv)

Tindevegen feirar ny rekord, dagleg leiar: – Det kan bli eit knallbra år

Dei sista åra har vore prega av stadig nye rekordar for Tindevegen som knyter seg mellom Sogn og Jotunheimen.

Årdal: År etter år meldast det om nye rekordar i antal besøkjande for Tindevegen. Sommaren so langt i år er inga unntak.

For 15.juli vart det sett ny dagsrekord, med heile 663 passeringar på vegen mellom Sogn og Jotunheimen.

Juli var ein god månad i fjor òg, med nye rekord-tal. I år kan det sjå ut til å toppa seg endå ein gong:

– Juli månad har vore heilt fantastisk så langt. Me merkar ein markant auke frå i fjor hittil. Det har vore veldig bra vêr og gode forhold, seier ein nøgd Frank Eldegard, dagleg leiar i Tindevegen, til Porten.no.

Eldegard: – Auke med 20-25 prosent

Sjølv er han på ferie, men følgjer ivrig med på statistikkane frå Tindevegen heime i Årdal. Han seier at han har full oversikt på kva som skjer.

  Foto: Frank Eldegard

Han seier at dei ansette er veldig nøgde med sesongen fram til no, og at dei er spente over resultatet når sesongen er over på seinhausten i oktober, november.

– Det er lenge att endå, og mykje kan jo skje, men det er mykje som skal gå gale for at dette ikkje skal bli ein ny rekordsesong.

– Dagstala ligg på mellom 500 og 600 bilar kvar dag, ei auke på omlag 20-25 prosent frå i fjor. Det kan bli eit knallbra år, seier Eldegard oppglødd. 

Ny rasteplass 

Eldegard fortel at dei nyleg har oppretta eit nytt informasjons- og rastepunkt langs vegen.

GOD UTSIKT: På den nye rasteplassen på Tindevegen er det god utsikt over Jotunheimen. Foto: Frank Eldegard

På staden kan ein få informasjon og oversikt over til dømes bussruter, turar og generell turistinformasjon. 

– Rastepunktet er veldig populært og godt besøkt, seier Eldegard. 

Til toppen