OPNAR FØR TIDA: Tindevegen skulle etter planen opne 1. mai, men vert offisielt opna fredag 26 april.
OPNAR FØR TIDA: Tindevegen skulle etter planen opne 1. mai, men vert offisielt opna fredag 26 april. (Foto: Arkiv)

Tindevegen opnar fredag

På si facebook-side melder Tindevegen at vegen frå Årdal til Turtagrø offisielt opnar fredag.

Årdal: Bommane er opne, så ein kan passera allereie torsdag. Det er ei knapp veke før planlagt opning 1.mai. 

Årsaka ligg i at det har vore lite snø i vinter. Det har gjeve gode tilhøve for å brøyta, opplyser dagleg leiar i Tindevegen, Frank Eldegard. Han fortel at dei starta brøytinga tidleg frå Årdal-sida. 

– Fine temperaturar og vind i det siste, gjer at vegen er bar over heile fjellet til opninga, seier han. 

I år var første gongen Tindevegen brøyta parkering på Murane ved 1000 meter for å leggje til rette for skigåarar i påska. 

– Det har me aldri gjort før. Nede ved skisenteret er det lite snø no, så difor har det vore eit ønskje om legga til rette for at påskefolket kjem seg opp til snøen og løypene. Det jobbar me med, sa Eldegard, då. 

Til toppen