OPNAR ONSDAG: Tindevegen opnar for sommaren onsdag ettermiddag. Foto: Olav Vee.
OPNAR ONSDAG: Tindevegen opnar for sommaren onsdag ettermiddag. Foto: Olav Vee.

Tindevegen opnar onsdag

Onsdag ettermiddag opnar Tindevegen att for sommaren.

Årdal: Fjellvegen mellom Årdal og Turtagrø opnar att for sommaren onsdag klokka 18.00, melder Tindevegen i ei pressemelding.

Det betyr at fresing og brøyting har gått heilt etter planen, og vegen opnar dermed i dag før det som først vart sagt. 

SPEKTAKULÆRE KANTAR: Det er ekstra spesielt å ferdast på vegen på denne tida av året med dei enorme brøytekantane.
SPEKTAKULÆRE KANTAR: Det er ekstra spesielt å ferdast på vegen på denne tida av året med dei enorme brøytekantane.

Dagleg leiar i Tindevegen, Frank Eldegard, seier vegen vert døgnopen, og at han berre blir nattestengt ved dårleg vêr. 

Tindevegen er fjellvegen mellom Årdal og Turtagrø, og han er 32 kilometer lang. Vegen tek deg frå Sognefjorden til Jotunheimen. Fjellvegen er kalla «snarvegen gjennom Jotunheimen» og er kortaste alternativ frå Bergen til Trondheim.

Mektig natur omgir seg rundt vegen, som vanlegvis er open mellom mai og november. Omtrent 30 000 køyretøy nyttar vegen i sesongen. På denne tida av året er det ekstra spesielt å ferdast på vegen med dei enorme brøytekantane som kan vere fleire meter høge.

Til toppen