VART ALDRI FUNNEN: Leonbergeren Elvis forsvann frå eit hundepensjonat i Fardalen i Øvre Årdal i fjor sommar. No har pensjonateigaren blitt dømt i tingretten.
VART ALDRI FUNNEN: Leonbergeren Elvis forsvann frå eit hundepensjonat i Fardalen i Øvre Årdal i fjor sommar. No har pensjonateigaren blitt dømt i tingretten.

Tingretten: Eigaren av hundepensjonatet var «grovt aktlaus» då Elvis forsvann 

Vart dømt for brot på dyrevelferdslova, men fekk langt mildare straff enn påtalemakta og aktor krevde.

Årdal: Det var laurdag 25. juni i fjor at leonbergaren Elvis forsvann frå eit hundepensjonat i Fardalen i Øvre Årdal. Hunden vart aldri funnen att, trass omfattande leiteaksjonar.

I går vart eigaren av pensjonatet dømd av Sogn og Fjordane tingrett for å ha brote dyrevelferdlova. Straffa er ei bot på 10.000 kroner, samstundes må den dømde ut med 20.000 kroner i skadeerstatning til hundeeigaren. Han slepp derimot å betala sakskostnadane.

Dommen er mildare enn bota på 18.000 kroner som påtalemakta føreslo og skadeerstatninga vart redusert frå 113.000 kroner, summen aktor krevde på vegner av hundeeigaren.

Forsvann under lufting

Hovudforhandlingane vart haldne 7. november ved Sogn og Fjordane tingrett i Sogndal. Den tiltala erkjente seg ikkje skuldig.

Frå 2015 og fram til konkursen i 2017 dreiv han Fjord og Fjell Hundehotell i Fardalen i Øvre Årdal. Her fekk hundane god boltreplass. Ei 2000 kvadratmeter stor slåttemark vart brukt til lufteareal. Området var avgrensa av hovudhuset på den eine sida, elva på motsett side og gjerder på 1,3 meter på dei to andre.

Den tiltala var alltid saman med hundane under lufting. Hundar utan jaktinstinkt, som leonbergeren Elvis, vart lufta utan band.

Fredag 24. juni 2016 kom Elvis til hundehotellet på ein tilvenningsdag. Dagen etter forsvan han medan han vart lufta saman med 5-6 andre hundar, alle utan band. Den tiltala forklarte i retten at han tok synet frå Elvis i maks eitt minutt. Då han oppdaga at Elvis var vekke gjekk han straks i gang med å leita.

Sette ikkje opp nytt gjerde

Etter kort tid kontakta han Norske redningshundar for hjelp i søket. Eigaren av hunden vart òg kontakta. Trass fleire dagar med intensiv leiting, med meir sporadisk leiting i vekene etter, vart Elvis aldri funnen.

Den tiltala fekk lov av Mattilsynet til å starta hundehotellet i 2015, men med vilkår om at det vart bygd nytt gjerde. Hundane skulle òg luftast i band til det nye gjerdet kom på plass.

Den tiltala påstod at det ikkje blei sett slike vilkår, men vart ikkje trudd av retten. Nytt gjerde på heile området kom først på plass i november 2016, fleire månader etter rømminga.

Fekk mildare straff

Retten har difor landa på at området ikkje har vore godt nok sikra mot rømming, noko som er eit brot på dyrevelferdslova som seier at dyr skal vera sikra mot «farer».

Retten meinte at tiltala har utvist «grov aktløyse» i saka. Dei fann det skjerpande at den tiltala over ein lengre periode lufta hundane utan band og heller ikkje følgde pålegga om å bygga nytt gjerde.

Samstundes har dei vurdert det formildande at pensjonateigaren har blitt sterkt råka av lovbrotet. Mellom anna var forsvinninga ei medverkande årsak til at hundehotellet gjekk konkurs. I tillegg vart det teke omsyn til at han forsøkte å retta opp skadane, mellom anna ved å tilby eigaren ny hund tre dagar etter forsvinninga.

Dommen var forkynna i går, tysdag, ved oppmøte på Voss politistasjon.

Til toppen