Vinjerock
Vinjerock (Bilde: )

Tipp topp stemning i årdalscampen på Eidsbugarden

Særs populære Vinjerock gjekk av stabelen i helga. Råmene kunne ikkje ha vore flottare.

Vang: Under sola på Eidsbugarden ved Bygdins vestende yrar det av liv nest siste helga i juli. Igjen har 3000 festivalpass vorte rivne unna på sekundar, pluss at ganske mange andre er i området for å oppleva stemninga.

Ein forfriskande bris ruskar litt i telta. Eit yrande liv og blide folk; ganske mange har vorte brune på tredje dagen av fjellfestivalen, ganske mange meir i retning raudrosa.

- Topp vêr og meget god stemning

Med kort reiseveg til både Årdal og Lærdal finst det sjølvsagt ein heil del indresogningar. I ein av årdalscampane er humøret på topp laurdag ettermiddag.

- Meget bra. Topp vêr og meget god stemning, seier Mats Lindborg om festivalen så langt.

- Det er masse bra opplegg ein kan vera med på. Så i år har eg vore med på snøggprat i lyngen. Speeddate på tre minuttar, fortel Siri Skarsbø.

- Vart det noko match, då? spør Lindborg.

- Nei. Men det er no greitt å prøva.

- Viss du skal skriva noko om det må du streka under at det ikkje er alle som har vore på snøggprat i lyngen. For å seia det slik. Det må spesifiserast, kjem det tydeleg frå Rune Hollund.

Nokre går på tur under festivalen - andre før og etter

TOPPTUR: Turar er ein av hovudingrediensane under Vinjerock, her Marit Breistøl og Bjørnar Hegg-Lunde på Langeskavltind. Privat foto
TOPPTUR: Turar er ein av hovudingrediensane under Vinjerock, her Marit Breistøl og Bjørnar Hegg-Lunde på Langeskavltind. Privat foto

På dagtid blir det arrangert turar til turmål i nærleiken. 2000-meterstoppane som ligg nærast Eidsbugarden blir alle besøkte i løpet av festivalen - Uranostind, Falketind, Langeskavltind og Galdeberget.

I tillegg ruslar mange opp på utsiktspunkta rundt festivalcampen. Bernhard Tugade fortel han har vore på tur og sett inn mot Mjølkesdalsbreen. Siri Skarsbø har også teke eit par rundar i fjellsidene både på nord- og sørsida av sjølve Eidsbugarden.

- Me andre går turar før og etter festivalen, seier Lindborg, som fortel han var til Torfinnsbu og Gjendebu før det braka laus med Vinjerock torsdag.

Sigrid ein klar favoritt

Så spelar naturlegvis musikken ei sentral rolle. Dei største trekkplastra i 2017-utgåva av Vinjerock har vore namn som Sivert Høyem, Sondre Lerche, Sondre Justad og Gabrielle.

Når Porten.no er oppom skal snart Sigrid Moldestad gå på scena.

- Kva har vore best så langt?

- Ho Sigrid. Ikkje ho Moldestad, men ho andre, seier Lindborg.

- Nei, for Moldestad har vel ikkje vore enno..

- Det stemmer. Så det veit me ikkje enno.

Det er altså artisten "Sigrid" frå Ålesund, Sigrid Raabe, som spelte torsdag Lindborg viser til.

- Det var magisk, nesten så ein fekk tårer i augo når ho køyrde vibratoren. Altså stemma, skundar han seg å leggja til.

- Kva er høgdepunktet i dag siste dagen?

- Hjerteslag. Det er dei me er her for, seier Vidar Grønsberg.

Artikkelen held fram under biletet

MUSIKK: Pop/punk-gruppa Hjerteslag, her ved gitarist Nikolas Jon Aarland, gjekk på scena på Eidsbugarden laurdag ettermiddag. 
MUSIKK: Pop/punk-gruppa Hjerteslag, her ved gitarist Nikolas Jon Aarland, gjekk på scena på Eidsbugarden laurdag ettermiddag.  Foto: Ole Ramshus Sælthun

 

Svært nøgde med påfyll av proviant

Det byrjar å skorta på provianten, så når ein Pick up dukkar opp på vegen ved campen går stemninga til himmels.

PÅ PLASS: Vidar Grønsberg og Rune Hollund pluss ein del andre under Hjerteslag.
PÅ PLASS: Vidar Grønsberg og Rune Hollund pluss ein del andre under Hjerteslag. Foto: Ole Ramshus Sælthun

- No kjem det leveranse frå Årdal opp hit, ser du, forklarar Hollund.

Det er heller ikkje første besøket årdalscampen har av representantar frå pressa. P3-Christine har nemleg vore innom

- På spørsmål om kva ein ikkje har med seg på festival svara han "non stop". Kva var det? spør Skarsbø og nikkar mot Lindborg.

- Nei det er berre dumt, svarar han.

Veldig mykje frå campen kom heller ikkje på lufta på P3 fortel gjengen

- Så de vart kutta?

- Ja. Men det er heilt forståeleg og, tykkjer Lindborg.

Til toppen