KOLONNE: På fjellet blir det ofte kolonnekøyring og lang ventetid. Arkivfoto: Jan Christian Jerving.
KOLONNE: På fjellet blir det ofte kolonnekøyring og lang ventetid. Arkivfoto: Jan Christian Jerving.

Tips for ei trygg kolonnekøyring

Statens Vegvesen kjem med gode tips til trygg kolonnekøyring. 

Når det er mykje trafikk som skal over fjellet og det blir kolonnekøyring, kan ventetida bli mange timar. Sjølv om det luraste ofte er å velje ein anna veg, har ein ikkje alltid den moglegheiten. Statens Vegvesen har nokre enkle tips til korleis ein skal utføre kolonnekøyring på best mogleg måte. 

Før du reiser

Pass på at du har gode vinterdekk, og rikelig med drivstoff.
Du bør ha med deg lykt, slepetau og spade i bilen. 
Mat og varm drikke kan vere lurt å ta med dersom ventetida blir lang. 
Kjøl ned kupeen for å unngå ising på frontruta. 

Under kolonnekøyringa

Bruk nødblink.
Bruk lufteannlegget til å kjøle ned kupeen ved minusgrader. 
Hald jamn fart, følg kolonna og hald augekontakt med bilen føre deg. 
Ikkje forlat bilen ved stopp. Bli heller sitjande og vent på hjelp. Å forlate bilen kan vere livsfarleg. 

Brøytemannskapa kan avvise personar dei meiner kan få problem i kolonna. Det kan vere personar som t.d. ikkje har nok varme klede, eller køyretøy som ikkje er egna for forhalda. 
 

 

Til toppen