Aurland: Eit gresk reiarlag må betala ei bot på 700.000 kroner fordi cruiseskipet deira MS «Magellan» slapp ut for mykje svovel då det besøkte Flåm og Geiranger i april i år. Det skriv NRK.
Første mars i år vart det innført nye og strengare miljøkrav i verdsarvfjordane.
Det var Sjøfartsdirektoratet som avslørte lovbrotet, etter tips frå hamnesjefen i Aurland, Jostein Lange Bergset. Han fatta mistanke då han såg kor mykje røyk skipet slapp ut då det låg til kai i Flåm.
– Med ein gong det kjem eit skip og det er uønskt røyk frå det, så blir det rapportert inn til Sjøfartsdirektoratet, som har tilsynsansvaret, seier han til NRK.