PROSJEKT: Margunn Thue, leiar ved ortopedisk avdeling,  Bente Rekve, seksjonsleiar ved Lærdal sjukehus, prosjektleiar Tone Holvik frå Nordfjord sjukehis og Kåre Mentz Lysne, lokal koordinator ved Lærdal sjukehus skal kartleggje pasienten si helseteneste i nytt prosjekt. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 
PROSJEKT: Margunn Thue, leiar ved ortopedisk avdeling,  Bente Rekve, seksjonsleiar ved Lærdal sjukehus, prosjektleiar Tone Holvik frå Nordfjord sjukehis og Kåre Mentz Lysne, lokal koordinator ved Lærdal sjukehus skal kartleggje pasienten si helseteneste i nytt prosjekt. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 

Titalls millionar på å utvikle Lærdal sjukehus

– Dersom me får det som me vil, så hadde me nok brukt mellom 60-70 millionar kroner på å utvikla Lærdal sjukehus, seier Kåre Mentz Lysne, lokal koordinator. 

Lærdal: Ei arbeidsgruppe skal no starte arbeidet med å kartleggje og utvikle helsetilbodet til pasientar på lokalsjukehuset. 

– No er det pasientane i Lærdal og resten av Indre Sogn sin tur til å ha fokus på framtida si, seier Bente Rekve, seksjonsleiar ved Lærdal sjukehus. 

Fram til oktober skal arbeidsgruppa beståande av prosjektleiar Tone Holvik frå Nordfjord sjukehus, Margunn Thue, leiar for ortopedisk i Lærdal, Bente Rekve og Kåre Mentz Lysne kartleggja pasientbehovet i Indre Sogn. 

Skal bruke titalls millionar

Prosjektet som er eig av Lærdal sjukehus, skal blant anna sjå på korleis sjukehuset kan utvikle seg, sjå over aktivitetar og tenester og sjå på andre oppgåver som kan tilførast. 

Helse Førde har tidlegare vedteke ein utviklingsplan med ein pengepott på heile 1,6 milliardar kroner. Midlane skal i hovudsak gå til sentralsjukehuset i Førde, men deler skal også gå til Lærdal sjukehus. 

– Det er stor velvilje frå Helse Førde om at me skal bruka pengar på utvikling, utbygging og ombygging på Lærdal sjukehus. Korleis me vil gjera det, vil behovet syna, seier Lysne.

Utviklinga for Lærdal sjukehus vil gjelde både arealmessig, men også på innhaldet som teneste og tilsette. 

– ​Det som er klart, er at det vil bli brukt eit titalls millionar kroner på ombygging. Lærdal er ikkje eit nedleggingstrua sjukehus, det er eit sjukehus som me skal utviklast vidare, seier Lysne. 

I planane til Helse Førde er det snakk om å setje av 35 millionar kroner til ombygging av Lærdal sjukehus og 40-50 millionar kroner på teknisk arbeid. 

– I løpet av ein femårs-periode vil me vera på det stadiet at me vil byrja å bygga om. Strukturen på Lærdal sjukehus er mellom 40 og 50 år gammal og det er no på tide å utvikle den, seier Lysne.

Samla tenester på lokalsjukehuset

For ti år sidan måtte alle dialysepasientar frå Indre Sogn reise den lange vegen til Førde tre gonger i veka for å få behandling. 

– Dei kom heim seint og var heilt utslitne. I dag gjennomfører me dialysebehandling på Lærdal sjukehus. Ei slik utvikling av fleire tenester er me sikker på å få til framover, seier Lysne. 

Ein god del teneste må gjerast lokalt, men noko vil også sentraliserast i Førde. Det er nettopp dette arbeidsgruppa skal finne fram til ved å analysera og vurdera behovet til pasientane. 

– Det er viktig at me ser på pasientar som har fleire, samansette lidingar. Pasientar som det feilar ulike ting, må få kunne få behandling og hjelp for alle sjukdommane når dei fyrst er på sjukehuset. På denne måten slepp dei fleire turar, til ulike sjukehus, for å sjå forskjellige spesialistar, seier Thue. 

Målet til arbeidsgruppa er å kome fram til korleis framtidas sjukehus skal sjå ut og starte planane etter kartleggjinga i oktober. 

UTVIKLA: Strukturen på Lærdal sjukehus vart bygd for nesten 50 år sidan. No er det på tide med ombygging og utvikling, meiner arbeidsgruppa.
UTVIKLA: Strukturen på Lærdal sjukehus vart bygd for nesten 50 år sidan. No er det på tide med ombygging og utvikling, meiner arbeidsgruppa.

Framtidas pasient 

Prosjektet vil involvere alle brukarar og tilsette. Det vil bli oppretta ei nettside der tilsette på Lærdal sjukehus kan gå inn og følgja prosessen, i tillegg til å koma med faglege innspel. 

– Me vil utvikle sjukehuset slik at innbyggjarane i Indre Sogn har eit godt lokalsjukehustilbod som er tilpassa behova i framtida, seier Holvik. 

Arbeidsgruppa skal finne ut kven som er brukarane ved Lærdal sjukehus og sjå på kva tilbod som ikkje finst, slik at dette kan utviklast og endrast. 

– Kven vert sendt til Lærdal, kven vert sendt til sentralsjukehuset og kvar går den naturleg pasientstrøymen, er spørsmål me skal få svar på. Me vil sjå på demografien og kva som vil vera den framtidige pasienten, seier Holvik. 

Det er ikkje berre den lokale pasientstrøymen arbeidsgruppa skal sjå på. Ortopedien i Lærdal er kjent over heile Noreg og får pasientar frå kvar ein kant i landet. Poliklinikken har den største aktiviteten på huset, med fleire tusen pasientar årleg. 

Fleire og betre teneste

Eit av måla er at kronikarar og storforbrukarar skal få gode og samla teneste på Lærdal sjukehus. 

– Her er det viktig å ha tilbod lokalt, slik at dei som har behov for det, slepp mykje reising, seier Thue. 

Rekve trur at det vil kome fram forslag om fleire tenester knytt til sjukehuset, spesielt innan eldremedisin. 

– Dette er retta inn mot kronikarar som gjer at dei får eit større tilbod på lokalsjukehuset, seier ho. 

Alle fire er samde om at ein kan samla både fylkes- og kommunale tenester på Lærdal sjukehus. 

– Det er ingen grenser på kva me kan få til. Om Lærdal kommune ønskjer å samla ei helseteneste her, er det eit nytt prosjekt me kan sjå på, seier Rekve. 

Til toppen