INNBROT: Ein betydeleg mengde alkohol og kontantar er stole frå Dampskipkaien natt til torsdag.
INNBROT: Ein betydeleg mengde alkohol og kontantar er stole frå Dampskipkaien natt til torsdag. (Foto: Kevin Gray)

Tjuvar har stole alkohol og pengar frå Dampskipskaien – ber om tips

– Har du sett nokre mistenkelege typar på kaia, meld frå til oss eller politiet, seier dagleg leiar Kevin Gray.

Sogndal: Det har vore innbrot på Dampskipskaien natt til torsdag. Det er snakk om ein betydeleg sum kontanter og om lag ein kasse alkohol. 

– Alt vekselet er vekke. PC og mobilar låg òg synleg, men det er ikkje teke. Så vidt me kan sjå, er det berre kontantar og alkohol, seier dagleg leiar Kevin Gray til Porten.no.

Av alkohol er det snakk om Viking-cider frå Balholm og Bulmers-cider. No oppmodar han sogndøler om å vera merksame.  

– Har du sett nokre mistenkelege typar på kaia, meld frå til oss eller politiet. Det er ikkje alt som er mogleg å få kjøpt på polet her i Sogndal, opplyser Gray. 

Kl. 12.00 gjekk politiet i gang med undersøkingar på staden. Dei omtalar saka som «grovt tjuveri». Kafeen er stengt inntil vidare. 

Porten.no oppdaterer saka. Har du tips eller bilete? Send til tips@porten.no.

Til toppen