I VARMEN: Sivert Mannsverk og Eirik Lereng har vore med å vinna edle pokalar med landslaget før. No får dei sjansen igjen.
I VARMEN: Sivert Mannsverk og Eirik Lereng har vore med å vinna edle pokalar med landslaget før. No får dei sjansen igjen. (Foto: Arkiv)

To årdøler i G19-troppen til EM-kvaliken

Den norske G19-troppen er spekka med utanlandsproffar. Landslagssjefen fann likevel plass til to Obos-spelarar frå Årdal.

Årdal/Sogndal: Sivert Mannsverk og Eirik Lereng blant dei tjue utvalde i troppen når G19-landslaget skal kjempa om EM-plass i slutten av mars. Motstandarane er Island, Slovenia og Italia. Gruppevinnaren er klar for EM i Nord-Irland i juli.

Mannsverk og Lereng var sentrale då G19-laget til Norge tok gull i prøve-EM i november i fjor. Måndag kveld spelar begge treningskamp mot Mjøndalen, og er difor ikkje tilgjengelege for kommentar.

Den norske troppen tel nitten spelarar, den siste vil bli teken ut seinare. Heile sju spelarar er proffar i klubbar som PSV Eindhoven, Everton, Sampdoria og Southampton. Rosenborg har flest spelarar i troppen med tre, medan Sogndal er nummer to med duoen frå Årdal. 

Kvalifiseringa blir spelt i Italia frå 25. til 31. mars. Kampane er flytta frå Nord-Italia til Roma, og blir spelte for tomme tribuner, to av fleire grep for å minska faren for spreiing av det nye coronaviruset.

Til toppen