INNE I VARMEN: Sivert Heggheim Mannsverk og Leander Øy frå Årdal er begge tekne ut til talentleir.
INNE I VARMEN: Sivert Heggheim Mannsverk og Leander Øy frå Årdal er begge tekne ut til talentleir. (Foto: Montasje/arkiv)

To årdøler uttekne til talentleir i Porsgrunn

Sivert Heggheim Mannsverk og Leander Øy frå Årdal er blant spelarane landslagstrenarane trur kan vera blant «morgondagens heltar».

Årdal: Norges Fotballforbund har tatt ut troppane til talentleiren som skal vera i Porsgrunn 25. - 29. juni.

Midtbanespelar Sivert Heggheim Mannsverk frå Sogndal Fotball er teken ut til G16-landslaget, medan keeper Leander Øy frå Jotun er teken ut til skuggelandslaget til G15. 

– Det er mange du har overbevist på vegen for å bli tatt ut til ein slik talentleir. Me har tatt ut akkurat deg, fordi me meiner du har nokre eigenskapar som på sikt kan gjera deg til ein av «morgondagens heltar», skriv Håkon Grøttland, fagansvarleg for landslagsskulen.

Leander Øy står førebels utan landskampar, medan Sivert Heggheim Mannsverk har to kampar for G15 og to for G16.

Til toppen