Det var i juli i år at tre menn vart frikjende etter å ha vore tiltala for å ha dopa ned og valdteke Andrea Voll Voldum frå Lærdal. Alle dei tre frikjende vart likevel dømde til å betale oppreising på til saman 300.000 kroner.
Voldum skapte enorm debatt landet rundt då ho valde å stå fram med historia.
Nettavisen skriv i dag at politiet no har bestemt seg for å etterlyse to av dei frikjende mennene. Dette fordi dei ikkje har møtt opp for å få dommen forkynt.
– Måndag vart to av mennene etterlyst nasjonalt av politiet i Sør-Øst politidistrikt for å få til ei forkynning av dommen. Når dei er etterlyst betyr det at politiet bruker dei kanalane dei har og leiter etter dei, sier statsadvokat ved Oslo statsadvokatembeter Jan Eivind Norheim til Nettavisen.
Tidspunktet for forkynninga er eit viktig utgangspunkt for utrekning av fristar, som ankefristar, klagefristar, betalingsfristar og liknande.
Les også: Over 300 demonstrerte for kvinner sin rettstryggleik
Les også: Tusenvis støtta opp om Andrea Voldum (21) i Oslo
Arne Seland, forsvarar til ein av dei etterlyste, er mildt sagt forundra.
– Dette kjente eg ikkje til og syns eg er utruleg merkeleg. Eg har snakka med politiet og fortalt dei at eg kan hjelpe dei med å få til ei forkynning av dommen til min klient, seier han.