KOLLISJON: To personar er frakta til sentralsjukehuset i Førde etter ein frontkollisjon på riksveg 5 i Sogndalsdalen.
KOLLISJON: To personar er frakta til sentralsjukehuset i Førde etter ein frontkollisjon på riksveg 5 i Sogndalsdalen. (Foto: arkiv)

To bilar frontkolliderte i Sogndalsdalen

To personar er sendt med ambulanse til sjukehuset i Førde.

Sogndal: Politiet melde om hendinga like før halv seks i kveld. To bilar med til saman åtte personar var involvert i ulukka som skjedde på riksveg 5 i Sogndalsdalen. Vegen vart sperra og naudetatane var raskt på staden. Politiet melde samstundes at det var svært glatt i området.

Det er enno ikkje kjent kor alvorlege personskader det er snakk om.

– Alle var oppe å gå etter ulukka, men førebels kan vi ikkje uttale oss så voldsomt om det. Den første meldinga gjekk på at i minst èin person var skada, fortalte operasjonsleiar Per Rimmen kort tid etter at ulukka var meldt.

Seinare vart talet skadde oppjustert til to personar, som begge vart frakta til sentralsjukehuset i Førde. Dei fire andre involverte vart sjekka av lege på staden.

– Kor store var skadene på bilane?

– Dei må ha tauing og bilbergar er rekvirert, seier operasjonsleiar Rimmen.

Han opplyser at var litt passasje på den eine sida av vegbana etter ulukka, men at alt vart sperra då naudetatane kom fram.

– Så der er det no full stopp, seier Rimmen.

Vegen vart opna att nokre timar seinare.

Til toppen