KOLLISJON: Det var to bilar involverte i kollisjonen ved Kvam utanfor Sogndal. Her blir den eine av dei henta av bergingsbilen etter ulukka.
KOLLISJON: Det var to bilar involverte i kollisjonen ved Kvam utanfor Sogndal. Her blir den eine av dei henta av bergingsbilen etter ulukka. (Øyvind Nondal)

To bilar frontkolliderte utanfor Sogndal

Ei kvinne send til legevakt i ambulanse.

Sogndal: Klokka 13.15 frontkolliderte to personbilar ved Kvam i Sogndal kommune. Ei kvinne vart køyrd til legevakta i Sogndal i ambulanse. Det var to personar i kvar av bilane. Politipatruljen på staden melder om veldig glatt føre.

Politiet opprettar sak, men mistenker ikkje ruskøyring.

Til toppen