UHELL: To bilar kolliderte torsdag på Kjørnes mellom Kaupanger og Sogndal.
UHELL: To bilar kolliderte torsdag på Kjørnes mellom Kaupanger og Sogndal. (Foto: Google Maps/Skjermdump)

To bilar kolliderte

Vegen er no open att.

Sogndal: Vegen mellom Kaupanger og Sogndal vart torsdag kveld stengd etter at to personbilar kolliderte.

– Politi og ambulanse er på staden, ikkje meldt om personskade, skriv politiet.

Vegen vart først stengt, før trafikken vart dirigert forbi. Klokka 19:30 melder vegtrafikksentralen at vegen er open for fri ferdsel.

Har du tips eller bilete? Send til tips@porten.no.

Til toppen