HEFTIG TRØKK: Den eine bilen hadde fått smadra heile framsida.
HEFTIG TRØKK: Den eine bilen hadde fått smadra heile framsida. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Førar meld for ruspåverka køyring etter ulukke

Begge førarane skal vere bevisste etter ulukka.

Kaupanger: Politiet melde klokka 15.35 at ein personbil med hengar har blitt påkøyrd av ein annan personbil på Kaupanger.

– Ingen skal vera fastklemde. Begge førarane er vakne og medvitne, skriv politiet på Twitter. 

Ulukka har skjedd i rundkøyringa ved Europris. Både politi, ambulanse og brannvesenet var på staden klokka 16:00.

I ei oppdatering like etter skriv politiet at føraren som køyrde inn i bilen med hengaren vil bli meld for køyring i ruspåverka tilstand og for brot på vikeplikta.

Retting: I ei tidlegare utgåve av artikkelen stod det at føraren av bilen med hengaren var meld for ruspåverka køyring. Dette vart retta då journalisten vart gjort merksam på feilen.

RYKKA UT: Alle naudetatar rykka ut etter melding om ulukka. Foto: Halvor Farsund Storvik
Til toppen