ULUKKE: To bilar skal ha kjørt av vegen, omtrent på same stad.
ULUKKE: To bilar skal ha kjørt av vegen, omtrent på same stad. (Illustrasjon: Datawrapper)

To bilar har køyrt av vegen: – Ikkje opplyst om personskader

To bilar har køyrt av vegen like sør for Instefjord. Politiet melder om at det er to separate hendingar. 

Vest politidistrikt melder om trafikkulukker i 80-sona på E39 mellom Kringla og Instefjord. Ulukkene skal ha skal ha skjedd rundt klokka 07:14 måndag morgon. 

To bilar har køyrt av vegen, omtrent på same stad. Det er snakk om to separate hendingar.  

– Ein av førarane framstår som å vere i sjokk og prega av hendinga. Men det er ikkje kome fram noko personskader, seier perasjonsleiar i Vest politidistrikt, Steinar Hausvik.

Han opplyser om at det mest truleg kun er ein person i kvar bil. Bilbergar er rekvidert. 

Til toppen