ULUKKE: To bilar er involvert i ei ulukke på fylkesveg 55 mellom Hafslo og Sogndal.
ULUKKE: To bilar er involvert i ei ulukke på fylkesveg 55 mellom Hafslo og Sogndal. (Skjermbilde: Google Maps)

Store materielle skader etter kollisjon på Hafslo, vegen er rydda

Klokka 15:10 fekk politiet melding om ei ulukke på fylkesveg 55 mellom Hafslo og Sogndal.

Luster: To bilar er involverte og det er store materielle skadar, melder politiet. 

Vegtrafikksentralen melder at ulukka skal ha skjedd ved Hestnes på fylkesveg 55 mellom Hafslo og Sogndal. 

Klokka 15:35 seier vaktleiar ved Alarmsentralen Kolbjørn Øvrebotten til Porten.no at brannvesenet har nådd fram til staden. 

– Me har fått melding om to bilar som har kollidert, uvisst om det er front mot front. Begge bilane skal vera av utanlandsk opprinnelse. Det er ikkje meldt om skade på personar, og alle skal vera ute av bilane, seier Øvrebotten. 

Han opplyser at det er store køar på begge sider av skadestaden. 

Dei involverte partane er bevisste og framstår som uskadde, melder politiet. Men bilane har store materielle skader. 

Klokka 16:20 melder vegtrafikksentralen at det er starta opp manuell dirigering av trafikken på staden. Klokka 17:17 melder dei at vegen er rydda og at det er fri ferdsel på staden. 

Til toppen