TRAFIKKULUKKE: Ulukka skjedde på E16 ved Øygard i Lærdal like før klokka 19.00.
TRAFIKKULUKKE: Ulukka skjedde på E16 ved Øygard i Lærdal like før klokka 19.00. (Foto: Skjermdump/Google Maps)

Førar mistenkt for fyllekøyring etter kollisjon i Lærdal

Tre personar måtte til sentralsjukehuset i Førde etter at to bilar kolliderte i Lærdal, tysdag. Føraren av den eine bilen er mistenkt for å ha køyrt i rusa tilstand.

Lærdal: Politiet fekk melding om trafikkulukka på E16 ved Øygard i Lærdal klokka 18.46. To bilar og seks personar er involverte, ingen av dei skal vera alvorleg skadde. Den første meldinga gjekk på at fire personar var involverte i ulukka.

Politiet og ambulanse rykka ut til staden. Tre personar, to av dei to barn, er køyrt til sentralsjukehuset i Førde sjukehus for legesjekk.

– Den eine føraren er mistenkt for køyring i rusa tilstand, og vil bli teken blodprøve av, seier, operasjonsleiar Per Algerøy i Vest politidistrikt.

Ulukka skapar ikkje problem for trafikken, melder vegtrafikksentralen.

Har du tips eller bilete frå hendinga? Send på SMS til 90703711 eller tips@porten.no.

Til toppen