KOLLISJON: To bilar er involverte i ei trafikkulukke på Ølnes i Sogndal. Foto: Google Maps.
KOLLISJON: To bilar er involverte i ei trafikkulukke på Ølnes i Sogndal. Foto: Google Maps.

To bilar involverte i trafikkulukke

Ei kvinne i 20-åra vart send til legevakta etter at to bilar kolliderte mellom Sogndal og Hafslo.

Sogndal: Klokka 15.34 skreiv politiet på twitter at naudetatane var på veg til ei trafikkulykke ved avkøyringa til Ølnes mellom Sogndal og Hafslo.

Ifølgje politiet var det ingen andre i bilane utanom førarane, ein mann i 30-åra og ei kvinne i 20-åra. Den eine køyrebana vart stengt etter hendinga.

Helse Førde melde klokka 15.43 at to ambulansar var sende til staden. Ein dryg halvtime seinare kom beskjeden om at kvinna i 20-åra vart send til den lokale legevakta.

Klokka 16.33 melder politiet at brannvesenet spyler oljesøl på staden etter ulukka og at vegen vil bli opna i begge køyrefelt om kort tid.

Til toppen