ULUKKE: Måndag kveld rykka naudetatane ut etter melding om ei trafikkulukke i Vik.
ULUKKE: Måndag kveld rykka naudetatane ut etter melding om ei trafikkulukke i Vik. (Foto: Google Maps/Skjermdump)

To bilar med sju personar frontkolliderte, mann send til legevakta

Vegen er opna att i Arnafjorden etter ei trafikkulukke.

Vik: Klokka 17:54 fekk politiet melding om ei trafikkulukke på Fjordavegen ved Arnafjorden i Vik.

– To bilar involverte, og samtlege personer som satt i dei to bilane er medvitne. Vegen er sperra, naudetatane er på veg til staden, skriv politiet på Twitter klokka 18:09.

Like før 20:00 opplyser politiet at dei har avslutta på staden, og at vegen er opna. Det var til saman sju personar ombord i dei to bilane, to av dei var barn på åtte år.

– Ein vaksen mann er send til legevakta for sjekk. Bilbergar har henta bilane, begge har store skadar i front, og airbagane er utløyste, seier Knut Dahl-Michelsen på operasjonssentralen.

Tips eller bilete? Kontakt tips@porten.no.

Til toppen