ULUKKE: To bilar kolliderte ved avkøyrsla til Kjørnessvningen på veg til Kjørnes barnehage, ifølgje Vest politidistrikt.
ULUKKE: To bilar kolliderte ved avkøyrsla til Kjørnessvningen på veg til Kjørnes barnehage, ifølgje Vest politidistrikt. (Foto: Porten.no-tipsar)

Frontkollisjon mellom to bilar i Sogndal, ein person køyrd til sjukehus

Det var to vaksne og eit born involvert i ulukka.

Sogndal: Ein person er køyrd til Førde sentralsjukehus etter at to bilar kolliderte front mot front, på Kjørnes i Sogndal fredag morgon.

Ulukka skjedde ved avkøyrsla til Kjørnessvningen på veg ned til Kjørnes barnehage, klokka 07:53, og det var tre personar involvert i ulukka, opplyser operasjonssentralen.

– Det er to vaksne og eitt born involvert i ulukka. Bornet er uskadd, medan dei vaksne vert sett til av helse. Ein av dei vaksne er sendt til sjukehus i Førde, han var oppegåande, men hadde smerter i kroppen, seier Per Algrøy, operasjonsleiar ved operasjonssentralen i Vest politidistrikt til Porten.no.

Den andre vaksne personen vart sett til av helse på staden. 

Lekkasje frå ein av bilane

– Det var to bilar som frontkolliderte, og det er materielle skader på bilane, der ein av dei lekk litt spylervæske, opplyser Espen Rysjedal, vaktleiar ved Alarmsentralen. 

Klokka 08.48, seier Rysjedal at brannvesenet har dirigert trafikken på ulukkesstaden fram til bergingsbilen ankom staden, og at dei no returnerer til brannstasjonen. 

Han legg til at han reknar med at dei involverte bilane har blitt henta av bergingsbil, og seier at trafikken truleg vil løysa seg ganske fort. 

Ulukka vart først meldt om klokka 08:15 via Vest politidistrikt på Twitter. Då opplyste deiat alle personane er ute av bilane, og politi, brann og ambulanse er på staden. 

Porten.no oppdaterer saka. Har du bilete eller tips? Send til tips@porten.no eller tlf: 480 13 131.

Til toppen