UHELL: To bilar kolliderte i eit kryss i Gaupne måndag ettermiddag. Den eine sjåføren måtte sendast til lege for kontroll.
UHELL: To bilar kolliderte i eit kryss i Gaupne måndag ettermiddag. Den eine sjåføren måtte sendast til lege for kontroll. (Foto: Illustrasjon)

To bilar kolliderte i kryss

Ein sendt til lege for sjekk. 

Luster: Det var klokka 13.25 måndag at politiet fekk melding om to bilar som hadde kollidert i krysset til Jostedalen i Gaupne.

Det var to personar involvert i ulykka, og naudetatane rykte ut til staden der ulykka fann stad.

Der blei den eine personen sendt til legen for kontroll. 

Årsaka til trafikkuhellet var brot på vikeplikta, og det vert oppretta sak, skriv politiet på Twitter.

Til toppen