ULYKKE: To bilar har kollidert inne i Gudvangatunnelen. Tunnelen er no stengt som følgje av ulykka. Foto: Mapbox. 
ULYKKE: To bilar har kollidert inne i Gudvangatunnelen. Tunnelen er no stengt som følgje av ulykka. Foto: Mapbox. 

To bilar kolliderte i tunnel

Fire personar involvert i ulykke i Gudvangatunnelen.

Aurland: Det melder politiet i Sogn og Fjordane på Twitter. Hendinga skjedde 13.45 tysdag ettermiddag. 

Ifølgje politiet er snakk om ein påkøyrsel bakfrå. Det var to menn og ei kvinne i bilen som vart påkøyrt. Dei to mennene vart sendt til legevakt, medan kvinna vart sendt til Voss sjukehus. 

Når det gjeld personen i den andre bilen, ei kvinne, så er ho uskadd, melder politiet. 

Ein politipatrulje var tilfeldigvis under utrykning då ulykka skjedde og kom først til staden. Tunnelen er no opna, og det er manuell dirigering.

Til toppen