KOLLISJON: Tre personar vart lettare skadde då to bilar kolliderte på Fodnes torsdag kveld. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
KOLLISJON: Tre personar vart lettare skadde då to bilar kolliderte på Fodnes torsdag kveld. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

To bilar kolliderte på Fodnes

Tre personar er sendt til legesjekk med lettare skadar.

Fodnes: To bilar kolliderte i krysset mellom riksveg 5 og fylkesveg 53 nokre hunder meter frå Fodnestunnelen torsdag kveld. 

Den eine kom frå ferjekaia, den andre frå Lærdal. Uhellet skjedde då ein av bilane skulle svinge av til Årdal. 

– Vi veit ikkje akkurat kva som var årsaka til trafikkuhellet. Det ser ut til at det er brot på vikeplikta, men det får vi kome tilbake til seinare, seier Olaug Holme, operasjonsleiar for Vest politidistrikt i Sogn og Fjordane.

Helsepersonell og brannvesen er på staden. Det er òg bilberging og politiet melder at ei vegbane er opna.

 

Til toppen