Kaupanger: Politiet fekk melding om ulukka litt etter klokka 16.00. Ein bil har kollidert med bilen framfor ved innkøyrsla til industrifeltet på Kaupanger. Til saman to personar er involverte i ulukka, men politiet veit enno ikkje om nokon har skada seg i samanstøyten.
Oppdatering: Seinare på kvelden seier politiet at dei ikkje har andre opplysningar enn at begge førarane var oppegåande etter ulukka. Helse Førde har heller ikkje meldt om skadde personar.

– Ein bil må i alle fall tauast, opplyste Per Rimmen ved operasjonssentralen til Vest politidistrikt i Florø ein time etter trafikkulukka.
Klokka 17:25 var vegen rydda og i ferd med å forlate staden.
Den eine bilen vart frakta til eit skadesenter knappe hundre meter unna ulukka. Ein totalt smadra front vitnar om ein kraftig smell.