LAVIK: Ulukka skjedde 2 kilometer opp Laviksdalvegen.
LAVIK: Ulukka skjedde 2 kilometer opp Laviksdalvegen.

To bilar køyrte front mot front i Lavik

Tre personar er involvert. Alle er sendt til sjukehuset eller legevakta i Førde for ein sjekk.

Lavik: Klokka 13.45 melde Vest politidistrikt på Twitter at det hadde skjedd ei trafikkulukke i Lavik. 

– Det var to bilar involvert, og det var ei front mot front-ulukke, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnor frå Vest Politidistrikt til Porten.no.

Ulukka skjedde to kilometer inn frå Lavik på Laviksdalvegen. Ambulanse og brannbil er kome fram på staden.

– Det var tre personar involvert. Alle tre vart køyrt til Førde for sjukehus eller ein sjekk på legevakta, men dei skal vere oppegåande alle saman, seier Rebnor. 

Den eine bilen har meir materielle skader, og dei får ikkje får flytta bilane. Dei ventar på bergingsbil.

Klokka 15:40 melde politiet om at vegen er opna for trafikk igjen. 

Til toppen