Håbakken: På dagtid tysdag gjennomførte Statens vegvesen som vanleg kontroll på Håbakken i Lærdal.
Tysdag var nærare 70 personar inne til kontroll på stasjonen.
12 av desse vart tatt ut til vidare kontroll.
Juksa med kviletida
– To førar vart meldt for brot på køyre og kviletida, skriv kontroller Jan Ove Bjørgum i kontrollrapporten.
Han skriv vidare att begge hadde juksa på døgnkvila. Ein av dei hadde gjort dette utan kort i fatskrivaren, i følgje kontrolleren for å skjule fusket.
– Den andre var overlasta, firmaet får eit gebyr på 2900 kroner. Føreren måtte lase om før vidare køyring, seier Bjørgum.
Sprekkar i frontruta
I tillegg til dette hadde ei trekkvogn sprekkar i frontruta, ein anna fekk bruksforbud grunna sikt.
Han hadde heller ikke merka last som stakk ut frå bredda på bilen.
Same førar fekk og ei varsling om brot på hviletida.