FULL POTT: Ungdomsbedrifta Din Kvardag UB stakk av med prisane for beste innovative ide og produkt. Prisen delte dei med Søtt og Godt UB. Foto: Jørn Helgheim.
FULL POTT: Ungdomsbedrifta Din Kvardag UB stakk av med prisane for beste innovative ide og produkt. Prisen delte dei med Søtt og Godt UB. Foto: Jørn Helgheim.

To fyrsteplassar for ungdomsbedrift

Ungdommane bak bedrifta Din Kvardag UB frå Årdal, stakk av med to gjeve prisar under fylkesmessa på Eid onsdag.

I tillegg delte Min Kvardag UB ut prisen for beste produkt ut til den andre årdalsbedrifta som deltok på messa, Søt og Godt UB.

- Ingen kom heimatt tomhendte. Eg kunne ikkje ha drøymd om ein betre klasse, seier Vibeke Rinde, som er lærar for elevane i VG2 sal, service og tryggleik.

Delte premien

Dei ti ungdommane i Din Kvardag UB fekk to prisar under fylkesmessa på Eid. Ein for beste produkt og innovative ide og ein for beste produktdesign.  

Då ungdomsbedrifta Søt og Godt UB frå Årdal ikkje vann nokon offisielle prisar, valde Din Kvardag å dela deira pris for beste produkt til dei.

- Bedrifta Søtt og Godt består av to andre elevar frå Årdal Vidaregåande. Deira spesialitet er å lage crêpes, fortel Rinde.

- Dei smakte slik som crêpes skal gjera, med ferske jordbær og banan. Det var  flott framstilt og dei var like mykje på dommarar som alle andre var. Me syns dei gjorde ein god jobb og fortente ein pris, seier Anna Vallestad, som er økonomiansvarleg i Din Kvardag UB.

Tredje året med premie

Elevane frå Årdal Vidaregåande har har vunne prisar under fylkesmessa tre år på rad. I fjor vart dei kåra til den nest beste ungdomsbedrifta i Norge og dei har kome til NM to år på rad. 

Din Kvardag UB laga ein planleggingskalendar med integrert skriftplan for Hydro og NorSun. 

- Alle i Årdal er tilknytta dei to bedriftene på ein eller anna måte. Kalendaren er laga på papir med alle vaktskifta til personane som jobbar på Hydro og NorSun lagt inn. Om ein har planar om å kalla inn til familiemiddag, kan ein lett sjå på kor tid nokon er ledige, seier Rinde. 

God hjelp frå Skrivegarden

Målet til bedrifta er å gjere kvardagen til familiane i Årdal enklare. Papirkalendaren er trykka i A3-format, med god hjelp frå Skrivargarden i Øvre Årdal. 

- Alt er langt inn for hand og montert oppe på Skrivegarden. Dei har vore ein stor bidragsytar. På kalendaren er det plass til å planleggja, samstundes som ein kan følga med på skriftplanen, seier Rinde. 

Kalendaren kan bli tilpassa til alle som jobbar med skift. Til dømes helse og omsorgsarbeidarar og Nordsjøarbeidarar. 

Grundig idemyldring 

I haust hadde klassen ein grundig idemyldring.

- Det kom mykje med forslag, men den gode ideen lot venta på seg. Elevane ville ta føre seg planlegging. Vi tok turen opp på Skrivegarden, der dei synte kva dei kunne hjelpe oss med, seier Rinde. 

Ungdomsbedrifta testa ut sju ulike måtar å setje opp ein skiftplan på, men enda til slutt opp på den enklaste løysinga. Så langt har bedrifta seld 130 kalendarar. 

- Vi hadde ikkje trudd vi kom til å selje så mange eksemplar. No har vi fått inn 35.000 kroner som vi skal bruka på ein klassetur til Oslo for å læra om sikkerheit, seier Rinde. 

- God meistringskjensle 

Økonomisjef i Din Kvardag UB, Anna Vallestad, innrømme at prosessen med å finne ein ide som dei ville satsa på var lang og slitsom. 

- Det var mange idear i starten, men vi ønskja å gjera noko enkelt som folk flest har bruk for, seier Vallestad. 

Ho meiner samarbeidet i klassen har blitt betre etter at dei har jobba tett saman med ungdomsbedrifta. 

- Vi måtte ut av komfortsona vår. Det var kjempe moro og vi har blitt rikare på erfaringar. I tillegg har vi sett at vi arbeidar betre fagleg og tek oss meir i nakken på ulike klasseprosjekt, seier ho. 

Bedrifta har fått mykje gode tilbakemeldingar om produktet sitt, både frå folk som arbeidar i Hydro og NorSun, men også av familiemedlem. 

- Responsen har vore veldig god, og det er vi stolte av, avsluttar ho. 

Til toppen