PÅ TOPP: Sogndal er best i Sogn på kommunebarometeret for 2019 med ein 29. plass.
PÅ TOPP: Sogndal er best i Sogn på kommunebarometeret for 2019 med ein 29. plass. (Foto: Arkiv)

To gjer det sterkt, resten hamnar under streken på kommunetabellen

Det er store skilnader mellom topp og botn internt blant sognekommunane.

Indre Sogn: Sogndal er best i Sogn, og kjem på ein 29. plass på årets kommunebarometer. Det er fjerde best i fylket, bak Hornindal (3), Stryn (5) og Gloppen (26).

I kåringa blir kommunane målte i 151 forskjellige kategoriar, hovudsakleg basert på såkalla kostratal, som kommunane sjølve rapporterer til Statistisk sentralbyrå. 

Plasseringa på barometeret blir justert etter kor god økonomi dei ulike kommunane har. Dermed vil ein kommune som leverer gode tenester, men til ein høg pris, ikkje nødvendigvis få betalt i gode plasseringar.

I tillegg til Sogndal, gjer Leikanger det óg godt på kommunebarometeret. Systrendingane klatrar 27 plassar og blir nummer 65 totalt.

Aurland mest ned

Bortsett frå dei to er det heller labert i Indre Sogn, sjølv om fleire av kommunane viser framgang frå 2018. Resten av kommunane hamnar på nedre halvdel av lista.

Balestrand vert nummer 246 (ned 85 plassar), Luster nummer 269 (opp 68 plassar), Vik nummer 274 (opp 79 plassar), Aurland nummer 331 (ned 121 plassar), Lærdal nummer 357 (opp 21 plassar), og Årdal nummer 366 (ned ni plassar).

421 av 422 kommunar er med i oversikta.

Oppdal kommune tok førsteplassen, medan Gamvik i Finnmark vart nummer 421. Verd å nemna er det óg at mykje utskjelte Tolga kommune tok ein andreplass i kåringa.

Til toppen