Ein av hannjervane som vart avliva på fredag. Foto: SNO-Aurland, rovviltseksjonen
Ein av hannjervane som vart avliva på fredag. Foto: SNO-Aurland, rovviltseksjonen

To hannjervar vart felt på fredag

I laupet av fredagen vart to jervar avliva. Den siste vart teken nær beiteområdet til Naddvik Beitelag i Årdal.

Den fyrste jerven vart avliva i Jostedalen, medan den andre vart teken i Hjelledalen i Årdal.

Framleis jervar i området

Noralv Distad, leiar i rovviltnemnda i Region Vest, har tidlegare uttala seg til porten.no der han fortalde at han var bekymra for situasjonen sidan beitesleppet berre er to månadar unna. 

LES OGSÅ: – Skal sauehaldet gå frå gull til gråstein?

Er du framleis bekymra etter desse to fellingane?

– Det er mest sannsynleg fleire jervar i området, seier Distad på telefon til porten.no. Han legg til at jakta skal halde fram i tida framover, men at det er avhengig av sporforholda.

Rein-Arne Golf, regionansvarleg for rovvilt i SNO, fortel at dei tek opp att jakta etter helga når vêrforholda gjer det mogleg. – Me har ein dialog med Miljødirektoratet som fortløpande gjer vurderingar i forhold til fellingsløyve på jerv.

Artikkelen held fram under biletet.

Ein av hannjervane som vart avliva fredag 17. april 2015.
Ein av hannjervane som vart avliva fredag 17. april 2015.

Veldig positivt

Eit av mange sauekadaver som vart funne sommaren 2014.
Eit av mange sauekadaver som vart funne sommaren 2014.

– Det kan hende at den som vart teken i Hjelledalen i går, var med å gjorde skade under beitesesongen i fjor, seier sauebonde Ole Bjarne Hovland som driv Hovland Gard i Naddvik. 

LES OGSÅ: Sauebønder er framleis bekymra for å sleppe dyra på beite

Beskjeden om dei to felte hannjervane er godt nytt for sauebonden som sit i sauefjøsen saman med nokre lam då porten.no ringjer. – Dette er viktig for sauenæringa i Sogn og Fjordane.

 

Til toppen