TO JERV: Så langt i år er det teke ut to jerv i Sogn. Foto: SNO-Aurland, rovviltseksjonen.
TO JERV: Så langt i år er det teke ut to jerv i Sogn. Foto: SNO-Aurland, rovviltseksjonen. (Foto: Statens Naturoppsyn)

To jerv uttekne i Sogn så langt i år

Miljødirektoratet har så langt i år gitt ekstraordinært løyve til å felle jerv 26 gonger.

Jervebestanden i Noreg blir normalt regulert under lisensfellingsperioden på hausten og vinteren, men kvart år opnar Miljødirektoratet for ekstraordinær felling av jerv for å beskytte sau og tamrein.

– Det er framleis område der lisensfellinga ikkje er tilstrekkeleg målretta, og der det var mykje skadar på sau og tamrein i 2016, seier direktør i Miljødirektoratet Ellen Hambro i eipressemelding.

Område der desse beitedyra var særleg utsette for jerveangrep i 2016 blir prioriterte ved ekstraordinær felling. Lisensfellingsperioden varer frå 10. september til 15. februar. Sist periode vart 69 jervar avliva. Den samla kvoten på jerv som kunne fellast, var på 113.

På 60-talet var jerven i praksis utrydda i Sør-Noreg, men bestanden har vakse etter at den vart freda i heile landet i 1982. Jerven har framleis status som sterkt trua, og i fjor vart det berekna at det er 340 vaksne dyr i Noreg. Talet på jervekull i Noreg har vore over det nasjonale bestandsmålet sidan 2003.

I førre veke vart det teke ut to jerv i Sogn, ein i Luster og ein i Årdal. 

Til toppen