VIKTIG MÅL: Her jublar G15-laget til Jotun for skåring mot Slemmestad IL i gruppespelet, ein kamp som enda 1-1 etter at motstandarane utlikna tjue sekund før slutt. Det vart med det eine poenget, men målforskjellen gjorde at dei likevel greidde å ta seg til B-sluttspelet.
VIKTIG MÅL: Her jublar G15-laget til Jotun for skåring mot Slemmestad IL i gruppespelet, ein kamp som enda 1-1 etter at motstandarane utlikna tjue sekund før slutt. Det vart med det eine poenget, men målforskjellen gjorde at dei likevel greidde å ta seg til B-sluttspelet. (Bilde: Picasa)

To Jotun-lag klare for sluttspel i Dana Cup

– No blir det spanande.

Hjørring: Jotun er denne veka på plass i Dana cup med to lag: G15 og G17. I går vart dei ferdige med dei gruppespelet, i dag er dei klare 16-delsfinalar i A- og B-sluttspelet.

 – Me har spelt jamt godt mot alle her nede og det er veldig mange gode lag, så me er kjempenøgde, seier Henrik Rønningen, leiar i Jotun fotball og altmoglegmann under turneringa.

G17-laget tok førsteplassen etter to sigrar og èin uavgjort. G15-laget fekk det tøffare, men greidde å berge B-sluttspel takka vere betre målforskjell enn firarlaget og det eine poenget dei fekk.

FORBI FØRSTE HINDER: G17-laget kan juble over å bli gruppevinnar. No ventar dansk motstand i 16-delsfinalen.
FORBI FØRSTE HINDER: G17-laget kan juble over å bli gruppevinnar. No ventar dansk motstand i 16-delsfinalen. Foto: Jotun Fotball

– No blir det spanande, begge laga skal spela 16-delsfinale klokka to. Så får me ta det derifrå, seier Rønningen.

Han seier det sportslege står i høgsete, men at det òg skal vere ei kjekk ramme rundt. I tillegg er det viktig læring berre i å reise i ei så stor gruppe.

– Me skal oppføra oss som folk, det er ein viktig del av det òg. Det skal vera skikkelege reglar, seier Rønningen, som er kjapp med å legge til at spelargruppa er ein flott gjeng å ha med å gjere.

– Me har det kjempekjekt, seier han.

Seinare i dag får vi svaret på om moroa held fram.

– Me er nøgde med turneringa uansett. Tapar du for eit betre lag og du har gjort ditt beste, så er det heilt greitt. Men me har jo eit håp, seier Rønningen.

Slik har laga gjort det til no:

  • Jotun G17: Spelte uavgjort 0-0 første kampen mot Madla IL. Vann den andre kampen 2-1 mot Asal FC (mål av Håkon Haglund og Nicolai Laberg). Vann siste gruppespelskampen 2-0 mot Viksjø IFK 2-0 (mål av Arve Myrland og Håkon Haglund). Vart puljevinnarar og skal spele 16-delsfinale mot Tranget FC frå Danmark klokka 14.00.
  • Jotun G15: Tapte første kampen 1-3 mot Madla IL (mål av Håkon Wigum). Spelte uavgjort 1-1 i den andre mot Slemmestad IF (mål av Eirik Thomassen Øren). Tapte 0-2 mot Ham-kam FB1 i siste kampen i gruppespelet. Greidde tredjeplass med betre målforskjell enn Slemmestad IF og skal spele 16-delsfinale i B-sluttspelet mot Sverresborg FB klokka 14.00.
Til toppen