VART FOR SMÅ: Verken Henrik Furebotn eller dei andre spelarane på Sogndal greidde å prestere opp mot sitt beste mot eit solid Viking-lag.
VART FOR SMÅ: Verken Henrik Furebotn eller dei andre spelarane på Sogndal greidde å prestere opp mot sitt beste mot eit solid Viking-lag.

To kanonskot fekk Sogndal ned på jorda

Minuttet før slutt tente Mahatma Otoo eit lite håp for Sogndal. Men to susarar frå Viking sette ein stoppar for den imponerande rekka på elleve kampar utan tap. 

Sogndal - Viking: 1-2 (0-1)

MÅTTE ROKKERE: Eirik Bakke er vanlegvis rolig før kamp, men innrømmer at han var nervøs før møtet mot Viking. – Det hadde heilt sikkert med at me hadde ein heilt ny konstellasjon på midten, seier han.

Sist Sogndal tapte var mot Brann i april. Når nederlaget først kom meiner trenar Eirik Bakke dei mange rokkeringane må ta mesteparten av skulda.

–​ Heile midtbana var eigentleg ny og det merka me, seier han. 

Med begge dei faste kantspelarane ute med karantene, måtte Henrik Furebotn og Eirik Birkelund steppe inn i rollar dei knapt kan hugse å ha spelt i før.

Sentralt danna Rune Bolseth og Vegard Leikvoll Moberg eit ikkje akkurat innkøyrd tospann.

– Me sleit med relasjonane. Gutta stod på og jobba, men me fekk det ikkje til å gli slik som vanleg, seier Bakke.

Les også: Han varta opp med fleire klasseredningar: – No er eg berre sur

0-1: Eirik Birkelund og Taijo Teniste deppar etter at Viking har gått opp i leiinga. Kampen var nesten over då Sogndal endeleg fekk fart på spelet.
0-1: Eirik Birkelund og Taijo Teniste deppar etter at Viking har gått opp i leiinga. Kampen var nesten over då Sogndal endeleg fekk fart på spelet.

Fullstendig Viking-dominans

Sogndal skapte knapt ein sjanse i den første omgangen. Einaste var kanskje ein halvfarleg heading av Eirik Birkelund etter åtte spelte minutt. Resten av omgangen var det Viking som dominerte og kom til dei største sjansane.

Mathias Dyngeland måtte varte opp med både ein og to feberredningar for å halde laget inne i kampen. Difor var det ikkje ufortent då Björn Daniel Sverrisson dunka ballen i mål frå distanse til 1-0 leiing for bortelaget.

– Litt surt at me slepp inn før pause på eit langskot. Sjølv om me slit så skal me ikkje sleppa inn to mål utanfor sekstenmeteren, seier ein lettare oppgitt trenar.

 Sogndal meir med i andre

IKKJE BERRE KARANTENE: Bjørn Inge Utvik er heilt klart eit talent, men har nok fått spele meir enn han ville i Hannu Patronen sitt skadefråvêr. Mot Viking var det rokkeringane på midten som skapte mest problem.

Andre omgang var knapt i gong då Viking på ny var farleg frampå. Jukka Raitala var plutseleg på etterskot og Viking fekk legge inn uforstyrra. Mathias Bringaker greidde å styre ballen på mål, men nok ein gong viste Dyngeland gode refleksar på streken.

Sogndal klarte etter kvart å kjempe seg inn att i kampen. Nokre sjansar vart det òg, men  litt for ofte upresist til at heimelaget greidde å sette blåtrøyene under skikkeleg press. 

Viking verka i lange periodar heilt ufarlege. Det såg heller ikkje direkte skummelt ut då spissen Samuel Adeniyi Adegbenro fekk lade slegga frå 19-20 meter ti minutt før slutt. Men ballen fauk inn nede ved venstre stolpe.

2-0 og det meste såg svart ut på Fosshaugane Campus.

Nesten ny snuoperasjon

Men minuttet før slutt tente Mahatma Otoo eit aldri så lite håp. Eit innlegg frå Raitala fann Otoo på bakre stolpe. Spissen dempa ballen på kassa, før han sette han iskaldt ned i hjørnet til 1-2. 

– Eg veit at viss me malar på, så kjem scoringa. Det veit spelarane òg. Men når me er litt under pari, slik som i dag, så er det vanskeleg å ta poeng, seier Bakke.

Like etter reduseringa var Otoo igjen åleine på mål. Men keeper Iven Austbø kom først på ballen og fekk avverga. Sogndal skulle få enno ein sjanse, men Martin Ramsland sklei i det han skaut frå fem meter og dermed gjekk ballen i nettveggen. Det var det siste som skjedde og med det fekk Sogndal sitt første nederlag sidan 0-2 tapet mot Brann i april.

– Eg har ikkje noko å seie på innsatsen til gutane. Med elleve kampar utan tap, så treng me ikkje grava oss ned når me får den første. No får me rista det av oss og slå tilbake mot Rosenborg neste helg, seier Bakke. 

Til toppen