KLAGE: Før kommunestyre i mai, kom det inn to klagar på det planlagte byggjeprosjektet i Mai-Jakob kvartalet. Foto: Arkiv. 
KLAGE: Før kommunestyre i mai, kom det inn to klagar på det planlagte byggjeprosjektet i Mai-Jakob kvartalet. Foto: Arkiv. 

To klagar på bustadprosjekt 

Kommunestyre i Lærdal behandla torsdag to klagar som gjaldt det planlagte byggjeprosjektet i Mari-Jakov kvartalet på Lærdalsøyri. 

Lærdal: Konklusjonen til kommunestyre var at det har ikkje kome fram vesentlege nye moment gjennom handsaminga av klaga. 

Rådmannen tilrådde at klaga ikkje vart teken til følgje og at saka vart sendt vidare til Fylkesmannen for endeleg avgjerd, noko kommunestyre vedtok. 

– Verkandene av planen er, ut frå omfanget av endringane og karakteren til område, vurdert til å vere godt nok dokumentert, sa rådmann Alf Olsen Jr. 

Les også: Lærdals første burettslag er snart på plass

Vil ha 3D-model av prosjektet

I byggjeplanen er det snakk om å leggje til rette for etablering av mellom 20 og 30 bueiningar. Planområdet er avgrensa av Fortun, Mari-Jakobvegen, Uthushaugen og gartneritomta i aust.

Både i kommuneplanen for Lærdalsøyri og gjeldande reguleringsplan er området sett av til industri/kontor/bustad. Innanfor planområdet er det etablert lagerbygg samt eit nyare bygg med veterinærklinikk og 3 bustader. Lagerbygget er føresett sanert.

Kommunen har motteke to klager på planvedtaket. Den eine er frå Viggo Hustad og Rita Lysne, medan den andre er frå Ingrid Vindedal.

I klaga går det fram at saka ikkje er god nok opplyst ved at verknaden av bygg på tre etasjar ikkje er dokumentert gjennom 3D-model.

Bekymra for soltilhøva

Klaga var ikkje er knytt til sjølve bygget, men til at planen vart vedteken utan at verknadene av oppfylling av tomta som følgje av krav frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) ikkje var illustrert.

Dei underteikna var sterkt uroa over at konsekvensane for naboane ikkje er godt nok drøfta i saksframlegget. Konkret ønskjer dei dokumentert kva verknader eit bygg med gesimshøgd på 10,5 meter målt frå nivå for veg Fortun har.

Til slutt vert det synt til at dei har vore i kontakt med ein person som har byggfagleg kompetanse. Denne personen har opplyst at det ikkje er særleg teknisk vanskeleg å bygge vasstette på ei kotehøgd under flaumnivået.

I klaga til Ingrid Vindedal vart det også trekt fram at bygg med mønehøgd på 12,5 meter vil redusere vesentleg soltilhøva, spesielt på kvelden. I klaga vart det synt til at kommunen i saka sjølv har peikt på fordelane med betre dokumentasjon av verknadene for både tettstaden og naboane.

Til toppen