NORGES TREDJE HØGSTE: Med sine 2405 moh er Store Skagadølstind blant dei høgste fjella i Noreg. Foto: Tore Røraas
NORGES TREDJE HØGSTE: Med sine 2405 moh er Store Skagadølstind blant dei høgste fjella i Noreg. Foto: Tore Røraas

To klatrarar stod fast på Storen

To kvinner i 40-årsalderen stod laurdag kveld fast nær toppen av Store Skagadølstind på grensa mellom Årdal og Luster kommune. Kl. 03.34 i natt var begge trygt nede, melder Hovudredningssentralen.

Årdal/Luster: Kl. 19.16 fekk politiet i Sogn og Fjordane melding om to klatrarar som stod fast nær toppen av Store Skagadølstind på grensa mellom Årdal og Luster kommune. Kort tid etter var Hovudredningssentralen varsla, og arbeidet vart satt i gang med å få dei to kvinnene i 40-årsalderen trygt ned.

Ein luftambulanse frå Dombås blei sendt for å hente ned klatrarane, men grunna dårleg vêr var det ikkje råd å komme nærmare, melder NRK.

Lang veg

Nord-Gudbrandsdal Alpine Fjellredningsgruppe vart sendt opp for å hente ned dei to klatrarane seint laurdag kveld, fortel vakthavande redningsleiar i Hovudredningssentralen Sør-Noreg, Nils Olav Sunde.

Etter ein lang klatretur saman med redningsgruppa var dei to kvinnene trygt nede først kl. 03.34 i natt.

Ingen av dei skal vere skadde.

Krevjande topp

Store Skagadølstind, populært kalla Storen, er Noregs tredje høgste fjell (2405 moh).

Det er det einaste av dei tre høgste fjella som krevjer klatring for å nå toppen langs den enklaste ruta.

 

Til toppen