TO LAG TIL A-SLUTTSPEL: To av Jotun-laga som deltek på Gothia Cup gjekk vidare til A-sluttspelet. Gutar 16-laget, som du ser på biletet, gjekk vidare til B-sluttspelet. Foto: Kai Wigum.
TO LAG TIL A-SLUTTSPEL: To av Jotun-laga som deltek på Gothia Cup gjekk vidare til A-sluttspelet. Gutar 16-laget, som du ser på biletet, gjekk vidare til B-sluttspelet. Foto: Kai Wigum.

To lag til A-sluttspelet i Gothia Cup

To av Jotun sine lag på Gothia Cup er klare for A-sluttspelet.

Gøteborg/Årdal: Dei to laga som skal spela A-sluttspel er jenter 15-laget og gutar 14-laget. Gutar 13 og 16 skal spela B-sluttspel.

Første lag som skal få prøve seg er 13-årslaget Fässbergs IF allereie klokka 16.00 onsdag. Dei kom sist i gruppa si med to 0-7-tap og eit 0-8-tap.

Også 16-årslaget kom sist i si gruppe med null poeng. Dei tapte 0-9 for Enskede, 0-13 for Independente frå Brasil og 1-5 mot St. Paul Blackhawks frå USA.

Både G14 og J15-laget toppa sine grupper. Gutane vann alle sine kampar med 1-0-sigrar i to av dei og 4-2-siger i dagens kamp.

Jentene hadde berre svenske motstandarar i si gruppa, og to av kampane enda med siger til Jotun. Dei slo Fanna BK 3-2 og Ale United 1-0. Mellom desse to kampane vart det eit 0-2-tap for Växjø DFF. Med seks poeng toppar dei gruppa og er klare for A-sluttspel dei også. 

Du kan følgja kampane til laga direkte her

Til toppen