TRAFIKKULYKKE: Fem personar er involvert i ei trafikkulykke, der eit vogntog og ein personbil har kollidert. Foto: Mapbox. 
TRAFIKKULYKKE: Fem personar er involvert i ei trafikkulykke, der eit vogntog og ein personbil har kollidert. Foto: Mapbox. 

To lettare skadd etter trafikkulykke

To personar vart sendt til sjukehus med lettare skadar då ein personbil og eit vogntog kolliderte ved Breistølen på Hemsedalsfjellet.

Lærdal: Politiet fekk melding om ulykka på riksveg 52 like etter 18.00 onsdag ettermiddag.

Totalt fem personar var involvert i ulykka der ein personbil og eit vogntog kolliderte. Klokka 18.37 melde politiet at ingen personar var fastklemde i ulykka. 

– Alle skal vere bevisste. Det er meldt om personskadar, men ukjend omfang, skreiv politiet på Twitter. 

Om lag 19.30 kunne politiet fortelje at to var sendt til Voss sjukehus med lettare skader, medan tre kom frå ulykka uskadd. 

– Det er glatt på staden. Personane i personbilen er utanlandske, skriv politiet. 

Like etter ulykka var det trafikkaos på Borlaug på grunn av ulykka. Vegen vart stengt, men er no opna att med manuell dirigering. 

Har du tips eller bilete? Send til tips@porten.no, ring oss på telefon 480 13 131 eller send tekstmelding eller bilete til same nummer. 

Til toppen