HAR SIGNERT: Eivind Helgesen og Sivert Mannsverk har signert for Sogndal fram til 2021.
HAR SIGNERT: Eivind Helgesen og Sivert Mannsverk har signert for Sogndal fram til 2021. (Foto: Ole Jørgen Bratland, Statoil/arkiv)

To lokale talent signerer proffkontrakt med Sogndal

Sivert Mannsverk (16) frå Årdal og Eivind Helgesen (17) frå Sogndal har signert kontraktar som går ut sesongen 2021.

Sogndal: Det skriv klubben på eigne heimesider fredag.

Mannsverk kom til Sogndal i 2016. Midtbanespelaren debuterte på det norske G15-landslaget i 2017. Berre 14 år gamal debuterte han for A-laget til Sogndal i ein treningskamp mot Hødd.

Skadar i leggen la ein dempar på sesongen i fjor, men årdølen rakk å få med seg den eventyrlege oppturen til G19-laget på tampen av sesongen. På nokre få kampar raska Mannsverk med seg gull i både NM og Skandinavisk meisterskap.

Eivind Helgesen har gått gradene i moderklubben frå barnefotballen. Han debuterte i eliteserien i 4-0-sigeren mot Viking i 2017.

I 2018 var han spelaren med flest kampar for G19-laget til Sogndal.

Til toppen