TO LØYVE, EITT AVSLAG: NVE gjev løyve til Tynjadalen og Fosseteigen kraftverk i Lærdal kommune i Sogn og Fjordane. Øvre Kvemma kraftverk får ikkje løyve.​ Foto: Konsesjonssøknad.
TO LØYVE, EITT AVSLAG: NVE gjev løyve til Tynjadalen og Fosseteigen kraftverk i Lærdal kommune i Sogn og Fjordane. Øvre Kvemma kraftverk får ikkje løyve.​ Foto: Konsesjonssøknad.

To løyve til småkraftverk i Lærdal

NVE gjev løyve til Tynjadalen og Fosseteigen kraftverk i Lærdal kommune i Sogn og Fjordane. Øvre Kvemma kraftverk får ikkje løyve.

Lærdal: Det skriv NVE i ei pressemelding måndag. Det er falleigarane i Kuvelda som har søkt om Fosseteigen og Tynjadalen kraftverk. Kraftverka vil gje ein samla produksjon på om lag 39 GWh årleg.

Samstundes avslår NVE søknaden frå Lærdal og Aurland Grønnkraft AS om Øvre Kvemma kraftverk. Kraftverket ville gitt om lag 24,3 GWh årleg.

Etter NVE si meining er inngrepa ved Tynjadalen og Fosseteigen kraftverk akseptable når dei vegast opp mot fordelane i form av auka fornybar kraftproduksjon og lokal verdiskaping.

NVE meiner ulempene knytt til Øvre Kvemma kraftverk er større enn fordelane.

Til toppen