Indre Sogn: Mennene vart framstilte for varetektsfengsling i fire veker med brev- og besøksforbod i Sogn og Fjordane tingrett, torsdag.
Dei er begge sikta for valdtekt av éi kvinne i 20-åra.
– Valdtekta blei gjort av fleire i fellesskap i bustaden til kvinna. Det var ein fest tidlegare på kvelden, men festen var avslutta frå min klient si side, sa bistandsadvokat Synne Øren til avisa.
Forsvarar til éin av dei sikta mennene, Louis Anda, seier til avisa at klienten nektar både kjennskap til saka og at det skal ha skjedd ei valdtekt, og vil anke fengslinga.
Lene Knapstad, forsvarar til den andre sikta mannen, seier at klienten hennar ikkje erkjenner straffskuld for det han er sikta for.