NÆRKONTAKTAR: To nærkontaktar av personar som er smitta av koronaviruset har no testa positivt.
NÆRKONTAKTAR: To nærkontaktar av personar som er smitta av koronaviruset har no testa positivt. (Illustrasjonsfoto: Vilde Grimelid Oppedal/arkivfoto)

To nærkontaktar testa positivt i Gulen

Dei smitta er nærkontaktar av personane som allereie har testa positivt for koronaviruset den siste veka.

Gulen: Gulen kommune melder onsdag at to nærkontaktar av personane som testa positivt for koronaviruset 15. og 18. januar også har testa positivt.

Nærkontaktane har vore i  karantene sidan 13. januar og er no i isolasjon, skriv kommunen på heimesida.

Til toppen